Hopp til innhald

Tistel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vegtistel (Cirsium vulgare)
Piggtistel (Carduus acanthoides)

Tistel er ein type stiv, stikkande urteaktig plante. Blada, og ofte også stengelen, har kraftige tornar. Tistlar blir derfor ofte unngått av dyr og menneske og kan danna nesten ugjennomtrengjelege bestandar, ikkje ulikt brennesle.

Tistlane er ikkje ei naturleg gruppe. Dei fleste tilhøyrer stammen Cynareae i korgplantefamilien, men det finst også andre korgplantar ein kallar tistel. Strandtistel tilhøyrer skjermplantefamilien. Dei vanlege tistlane i Noreg tilhøyrer slektene Cirsium og Carduus. Dei veks ofte langs vegkantar og på beitemark.

Syrisk tistel (Notobasis syriaca) har svært kraftige tornar.

Tistlar har tornar på kantane av blada, og kan også had dei på dei flate delane og på stilken. Tornane kan variera mellom artane. Cirsium heterophyllum har til dømes svært mjuke tornar, medan Cirsium spinosissimum er motsett.[1] Typisk er artar tilpassa tørre område meir tornete.

Toårige tistlar er særleg nyttige for dyrelivet, ettersom dei produserer store nektarmengder for pollinatorar, nærande frø for fuglar, blad for sommarfugllarvar og dun til å fora fuglereir med.[2][3][4]

Tistel er nasjonblomen til Skottland,[5] symbol for Lorraine, og er emblem for Encyclopædia Britannica.

Seksflekka bloddråpesvermar på ein tistelblome.

Tistelblomar er føretrekte nektarkjelder for sommarfuglane raudflekka perlemorveng, brunflekka perlemorveng, adippeperlemorveng og aglajaperlemorveng.[6] Blomane er også favorittar blant sommarfugltypar som Papilio, Danaus og smygarar.

Humler set pris på tistlar på grunn av den store nektarproduksjonen deira. Vegtistel (Cirsium vulgare) blei rangert i topp ti for nektarproduksjon i ei undersøking av plantar i Storbritannia utført av AgriLand project med støtte frå UK Insect Pollinators Initiative.[4] Vegtistel var også ein topprodusent av nektarsukker i ein anna britisk studie, rangert på tredjeplassen med ein produksjon per blomeeining på 2323 ± 418μg.[2]

Tistlar og insekt som lever av tistelfrø er viktig føde for fuglearten stillits.

Mange tistlar er ofte rekna som ugras, og artar frå slektene Cirsium, Carduus, Silybum og Onopordum kan vera invasive.[7] Typiske problem med dei er konkurranse med avlingar og at dei veks på beite der den tette og tornete veksten deira undertrykker beiteplantar og forstyrra beitedyr. Nokre artar kan også påverka til dyr som et dei, sjølv om dei ikkje er særs giftige.[8][9]

Nokre tistlar, som vegtistel (Cirsium vulgare frå Eurasia, er blitt innført til ei rekkje stader utanfor stamområdet sitt.[10] Metodar for å kontrollera dei er å bruka snutebiller som Trichosirocalus. Eit problem med denne tilnærminga, i det minste i Nord-Amerika, er at billene også kan eta innfødde tistlar.[11] Ei anna tilnærming er å bruka tistelskjoldbille som biologisk kontroll. Billa et gjennom plantane og let att skjelettaktige blad, noko som skadar planten.[12]

Gjennomskoren artisjokkblome.

Plinius den eldre og forfattarar i mellomalderen meinte at tistel kunne gje hår tilbake til skalla. I tidleg moderne tid var han rekna som remedium for hovudverk, pest, kreftsår, svimle og gulsott.[13][14]

Slekta Cynara omfattar matplantane kardon og artisjokk. Frå kardon et ein gjerne stilken, medan frå artisjokk et ein blomebotnen.

Nokre artar som ofte er rekna som ugras er kjelder for vegetabilsk løype som blir nytta i kommersiell ostemaking.[15] I Beira i Portugal blir tistelblomar nytta som løype til å laga ost. Serra da Estrela er ikkje berre namnet på ei fjellkjede her, men også osten Serra da Estrela, laga av sauemjølk ved hjelp av denne metoden.[16]

Nokre artar av Silybum, som ofte er rekna som ugras, blir også dyrka for frøa sine som ein kan vinna ut vegetabilsk olje og farmasøytiske produkt som silibinin.[17][18][19]

Andre tistlar som elles er rekna som ugras er viktige plantar for honningproduksjon, både som biføde generelt og som nektarkjelder for luksushonning frå einskilde blomekjelder.[7][20][21]

I kulturen

[endre | endre wikiteksten]

Skotsk tistel

[endre | endre wikiteksten]
Reversen av ein florin frå 1967 med tistel, kløver, purre og rose.
Reversen av ein fempencemynt, ein krona tistel.

Tistelen har vore det nasjonale emblemet til Skottland sidan kong Alexander III (1249-1286).[22][23] Ifølgje soga prøvde ein invaderande hær av nordbuarar å smyga seg inn til leiren til ein skotsk hær om natta. Ein barføtt nordbuar tråkka på ein tistel og skreik i smerte, slik at skottane blei åtvara om inntrengarane. Dette skjedde kanskje i 1263 under Slaget ved Largs, som markerte byrjinga på avreisa til kong Haakon IV (Haakon den eldre) av Noreg som hadde hatt kontroll over Northern Isles og Hebridane, og hadde herja skotskekysten i nokre år.[24] Tistelen blei nytta på ein sølvmynt som blei slått under kong Jakob III i 1474 som eit skotske symbol og nasjonalt emblem.[25][26] I 1536 blei bawbee, ein sekspencemynt av eit skotsk pund, utgjeven for fyrste gong under kong Jakob V; det viste ein krona tistel. Tistlar heldt fram med å dukka opp jamleg på skotske og seinare britiske mynter fram til 2008, då ein fempence-mynt med ein design som viste «The Badge of Scotland, a thistle royally crowned» slutta å bli laga, sjølv om han blei verande i sirkulasjon. Tistelordenen, The Most Ancient and Most Noble Order of the Thistle, er den høgaste og eldste riddarordenen i Skotland. Han har tistel på merket sitt og eit kapell i St Giles's Kirk i Edinburgh, kjent som Thistle Chapel. Tistelen er hovudbildet i regimentsmerket til den Scots Guards, den eldste regimentet i den britiske hæren.

Lorraine-tistelen

[endre | endre wikiteksten]
Våpenet til Nancy, som var hovudstad i hertugdømet Lorraine.

Tistelen er eit av symbola for Lorraine, saman med tre avalerionar eller mindre ørner og lorrainekrossen på våpenskjoldet.

Lorraine er ein region i Nordaust-Frankrike, langs grensa med Luxemburg og Tyskland. Før den franske revolusjonen danna ein stor del av regionen hertugdømet Lorraine. I mellomalderen var tistel eit symbol på jomfru Maria fordi den kvite sevja minner om mjølka frå brystet hennar som Guds mor. Det blei seinare innført som personleg symbol av René av Anjou, saman med lorrainekrossen, då kjend som Anjou-krossen. Etter boka hans Livre du corps d'amours espris verker det som om hertugen valde tistelen som emblem ikkje berre fordi han var eit kristent symbol, men òg fordi han knytte han til fysisk kjærleik.[27]

Tistelen og krossen blei nytta igjen av barnebarnet hans, hertug René II av Lorraine, som introduserte dei i regionen. Dei to symbola blei svært populære blant folk i området under slaget ved Nancy i 1477, der den lorrainske hæren vann over Burgund. Mottoet til hertugen var «Qui s'y frotte s'y pique», som tyder ‘den som rører han, stikk seg’. Ideen liknar den til det skotske mottoet «Nemo me impune lacessit», ‘ingen rører meg utan å straffast’. I dag er tistelen det offisielle symbolet til byen Nancy, og også emblemet til fotballaget AS Nancy og Lorraine regionale naturpark.[28][29]

Carduus er det latinske ordet for ein tistel (eit opphav til plantenamnet kardon, chardon på fransk), og Cardonnacum er eit sentlatinsk ord for ein stad med tistlar. Dette er truleg opphavet til namnet på den burgundiske landsbyen Chardonnay i Saône-et-Loire, som i sin tur truleg er opphavsstaden til den kjende druesorten chardonnay.

Ulike tistlar

[endre | endre wikiteksten]
Tistelknoppurt, Centaurea calcitrapa.
Salsola tragus

Plantar frå fleire ulike slekter kan vera kjende som tistlar, eller kan likna tistlar.

Plantar i andre familiar enn korgplantefamilien som kan kallast tistlar er:

Tisteltypar

[endre | endre wikiteksten]
Jærtistel (Serratula tinctoria)

Dette er ei oversikt over plantar som blir kalla «tistel» på norsk. Berre eit utval av Cirsium- og Carduus-artane i Noreg er tekne med.

  1. ↑ «Melancholy Thistle». NatureGate. Henta 27. november 2019.
  2. 1 2 Hicks, DM; Ouvrard, P; Baldock, KCR (2016). «Food for Pollinators: Quantifying the Nectar and Pollen Resources of Urban Flower Meadows». PLOS ONE. 11 (6) e0158117. Bibcode:2016PLoSO..1158117H. doi:10.1371/journal.pone.0158117. PMC 4920406. PMID 27341588.
  3. ↑ Eckberg, James; Lee-Mäder, Eric; Hopwood, Jennifer; Foltz Jordan, Sarah; Borders, Brianna (2017). «Native Thistles: A Conservation Practitioner's Guide». The Xerces Society. Henta 27. august 2018.
  4. 1 2 «Which flowers are the best source of nectar?». Conservation Grade. 15. oktober 2014. Arkivert frå originalen 14. desember 2019. Henta 18. oktober 2017.
  5. ↑ «The thistle – Scotland's national flower», National Trust for Scotland (på engelsk), henta 25. april 2025
  6. ↑ Bracken for Butterflies Arkivert 3. oktober 2008 ved Wayback Machine. leaflet c0853 by Butterfly Conservation, januar 2005
  7. 1 2 Rakesh Kumar Gupta; Wim Reybroeck; Johan W. Veen; Anuradha Gupta (18. september 2014). Beekeeping for Poverty Alleviation and Livelihood Security. Springer. s. 47–. ISBN 978-94-017-9199-1.
  8. ↑ W. T. Parsons; Eric George Cuthbertson (2001). Noxious Weeds of Australia. Csiro Publishing. s. 189–. ISBN 978-0-643-06514-7.
  9. ↑ Watt, John Mitchell; Breyer-Brandwijk, Maria Gerdina: The Medicinal and Poisonous Plants of Southern and Eastern Africa, 2nd ed., E & S Livingstone 1962
  10. ↑ Cirsium vulgare (Savi) Ten., Asteraceae Arkivert 19 December 2009 ved Wayback Machine., Pacific Island Ecosystems at Risk (PIER)
  11. ↑ Takahashi, Masaru; Louda, SM; Miller, TE; O'Brien, CW (2009). «Occurrence of Trichosirocalus horridus (Coleoptera: Curculionidae) on Native Cirsium altissimum Versus Exotic C. Vulgare in North American Tallgrass Prairie». Environmental Entomology. 38 (3): 731–40. doi:10.1603/022.038.0325. PMID 19508782. S2CID 55487.
  12. ↑ Majka, Christopher G.; Lesage, Laurent (27. juni 2008). «Introduced leaf beetles of the Maritime Provinces, 7: Cassida rubiginosa Muller and Cassida flaveola Thunberg (Coleoptera: Chrysomelidae)». Zootaxa. 1811 (1). doi:10.11646/zootaxa.1811.1.3. ISSN 1175-5334.
  13. ↑ Grieve, Maud. «A Modern Herbal». Henta 3. juni 2011.
  14. ↑ Pliny the Elder; John Bostock (trans.) (1855). «20.99». The Natural History. London: Taylor and Francis.
  15. ↑ Vioque, Montserrat; Gómez, Rafael; Sánchez, Emilia; Mata, Carmen; Tejada, Luis; Fernández-Salguero, José (2000). «Chemical and Microbiological Characteristics of Ewes' Milk Cheese Manufactured with Extracts from Flowers of Cynara cardunculus and Cynara humilis as Coagulants». Journal of Agricultural and Food Chemistry. 48 (2): 451–456. Bibcode:2000JAFC...48..451V. doi:10.1021/jf990326v. PMID 10691655.
  16. ↑ Anita (21. juli 2014). «Portugal's 'thistle cheeses'». Anita's Feast (på amerikansk engelsk). Henta 30. november 2020.
  17. ↑ Pepping, J (juni 1999). «Milk thistle: Silybum marianum». Am J Health Syst Pharm. 56 (12): 1195–7. doi:10.1093/ajhp/56.12.1195. PMID 10484652.
  18. ↑ Laekeman, G; De Coster, S; De Meyer, K (2003). «[St. Mary's Thistle: an overview]». J Pharm Belg. 58 (1): 28–31. PMID 12722542.
  19. ↑ Alemardan, Ali; Karkanis, Anestis; Salehi, Reza (2013). «Breeding Objectives and Selection Criteria for Milk Thistle (Silybum marianum (L.) Gaertn.) Improvement». Not Bot Horti Agrobo. 41 (2): 340–347. Bibcode:2013NBHAC..41..340A. doi:10.15835/nbha4129298.
  20. ↑ C. Marina Marchese; Kim Flottum (4. juni 2013). The Honey Connoisseur: Selecting, Tasting, and Pairing Honey, With a Guide to More Than 30 Varietals. Black Dog & Leventhal Publishers. s. 206–. ISBN 978-1-60376-332-5.
  21. ↑ Technical Bulletin. The Department. 1940. s. 5–.
  22. ↑ «The Thistle». Thistle Tours. Henta 25. august 2025.
  23. ↑ «Scotland's Purple Thistle». Scotland Kilt Co (på engelsk). Henta 25. august 2025.
  24. ↑ Webmaster, John Duncan. «Scots History Online». Scots History Online. Arkivert frå originalen 2. november 2011. Henta 14. januar 2013.
  25. ↑ «Chapter 18». A Complete Guide to Heraldry. T.C. & E.C. Jack. 1909.
  26. ↑ «University of Glasgow – The Hunterian – Visit – Exhibitions – Exhibition Programme – Scotland's Own Coinage». www.gla.ac.uk. Arkivert frå originalen 19. februar 2020. Henta 19. februar 2020.
  27. ↑ Christian Pfister (1908). Histoire de Nancy. Vol. 1. Berger-Levrault. s. 554.
  28. ↑ «Le chardon». Tela Botanica. Arkivert frå originalen 12. februar 2017. Henta 11. februar 2017.
  29. ↑ «Origine du blason de Nancy». Nancy WebTV. Henta 11. februar 2017.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Tistel