Hopp til innhald

Belte- og veginitiativet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Belte og veg-initiativet)
Kart med Kina merka raudt og medlemmer av Asiatisk infrastrukturinvesteringsbank, Asian Infrastructure Investment Bank, i oransje, og dei seks transportkorridorane i svart.

Belte- og veg-initiativet[1] (kinesisk 一帶 一路 / 一带 一路, pinyin yi dài yi lù , 'eit belte ein veg', engelsk Belt and Road Initiative (BRI)[2]) er eit kinesisk utviklingsprosjekt som går ut på å investera og byggja infrastruktur i ei rekkje land. Politikken er rekna som ein hjørnestein i Xi Jinping sin utanrikspolitikk, og blei offisielt teken i bruk av kinesiske styresmakter i 2013.[3][4][5]

Bana mellom hovudstaden i Laos og grensa til Kina (Boten–Vientiane-bana) vart bygd som del av BRI. Ho opna i 2021.[6] Eit anna prosjekt er byggjestart på Bangkok–Nong Khai-høgfartsbana, med uklar finansiering på strekninga Nong Khai til Nakhon Ratchasima, og med berre omlag 3,5 kilometer bane bygd per 2019.[7]

  1. ↑ Benedicte Sørum. «Kina legger ut på frierferd». Klassekampen. 2018-07-23. S. 14-5. «[...] belte- og veginitiativet (BRI)»
  2. ↑ «我委等有关部门规范"一带一路"倡议英文译法». ndrc.gov.cn (på kinesisk (Kina)). National Development and Reform Commission. 11. mai 2019. Arkivert frå originalen den 11. mai 2019. Henta 7. januar 2020.
  3. ↑ «Belt and Road Initiative». World Bank. Arkivert frå originalen den 19. februar 2019. Henta 10. mars 2019.
  4. ↑ «Overview – Belt and Road Initiative Forum 2019». Arkivert frå originalen den 17. september 2019. Henta 30. januar 2020.
  5. ↑ «The pandemic is hurting China's Belt and Road Initiative». The Economist. 4. juni 2020. ISSN 0013-0613. Henta 14. juni 2020.{{cite news}}: CS1 maint: url-status (link)
  6. ↑ «中老铁路今日通车-图片新闻-中华人民共和国交通运输部». www.mot.gov.cn. Arkivert frå originalen 3. desember 2021. Henta 3. desember 2021. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  7. ↑ «Thailand to speed up train link with China», www.bangkokpost.com, Bangkok Post Public Company Limited, henta 14. mai 2019

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Belte- og veginitiativet